Plast i den blå verda  – på tokt med Statsraad Lehmkuhl  

Statsraad Lehmkuhl set segl for framtida! I august 2021 la det norske seglskipet ut på jordomsegling. One Ocean Expedition er del av FN sitt tiår med havvitskap for ei berekraftig utvikling.  

Mathilde på havet.

 

Av Miljøsmidjo, Ellen T Astrup. Foto Statsraaden: Mathilde Bryn Eikefjord / Malin Kvamme. Portrett Cafe: Miljøsmidjo

Skal me lykkast med å stanse all tilførsel av plastavfall til havet, må me ha ei heilskapleg tilnærming på tvers av heile livsløpet til eit plastprodukt. I Vossasamfunnet har Miljøsmidjo bistått Voss herad i arbeidet med Plaststrategien, meir om dette kjem når den er vedtatt.

Mathilde Bryn Eikefjord frå Voss er masterstudent i Fiskeribiologi og Forvaltning ved Universitetet i Bergen, UiB. Ho har bidratt til forsking på mikroplast i havet. I haust kom ho attende frå One Ocean Expedition med seilskipet Statsraad Lehmkuhl, der ho arbeidde i to månader som forskingsassistent for Havforskingsinstituttet. Reisa til Mathilde starta på Fiji og enda i Palau.  Eg ville høyre kva tankar ho har om plastforureining, etter toktet i Stillehavet. Ein våt januardag fekk eg høve til ein prat med den unge forskaren over ein kaffikopp. 

Kva i all verda får ei staut Vossing til å leggje ut på dei sju hav?  

Havet har alltid fasinert meg. Eg trur både hytte ved kysten og pappa i Nordsjøen har påverka denne interessa. Men den fyrste aha-opplevinga fekk eg nok under teneste i Kystvakta på tokt i Barentshavet. Nordområda med Svalbard og Bjørnøya fekk hjartet til å banke ekstra. Ein kjem so nær den sårbare naturen og det mektige havet. Med eitt gjekk det opp for meg at kan hende er det råd å gjere interessa for havet til leveveg. Då eg vart klar over at det var universitet på Svalbard, bestemte eg meg for at dit ville eg. Slik enda eg min bachelor med arktisk biologi på Svalbard.  

Men vegen frå Svalbard til Stillehavet er lang – korleis fann du vegen dit? 

Ein ruskete og regnfull dag på Svalbard tikka det inn melding om at det var behov for forskarassistentar til One Ocean Expedition med Statsraad Lehmkuhl. Prosjektet er verdsomspennande, og eit steg mot å skape betre og felles forståing av tilstanden i havet. Ekspedisjonen er del av FN sitt havtiår for ei berekraftig utvikling, med målsetnad om å bidra særleg til berekraftmål nr. 14 – Livet under vatn, 13 – Stoppe klimaendringane, 4 – God utdanning og 17 – Samarbeid for å nå måla. Eg søkte og var heldig å få ein av dei ledige stillingane. 

Kva oppgåver hadde du om bord? 

Eg og ein kollega hadde ansvaret for å samle inn forskingsdata som skal gje oss betre kunnskap om biologien, kjemien og fysikken i havet, og korleis me menneske påverkar havet som økosystem. Forskingsdata, som etter kvart blir lagt ut skal, i ekspedisjonen si ånd, vere tilgjengeleg for alle som måtte ønskje å bruke dei. Fram til midten av september 2022 kom det inn 700 000 filer med data, tilsvarande 8,6 terabyte eller 8600 megabyte!  

Gjennom One Ocean Expedition er det mikroplast me har fokusert på og tatt prøver av. Mikroplast er små plastpartiklar mellom 5mm til 1μm, ofte så små at ein ikkje kan sjå dei. Me filtrerte sjøvatn kvar tredje dag. Dette vart gjort i 3 rundar med to ulike maskestorleikar på 0.3mm og 0.01mm, for å filtrere ut mikroplastikk av ulike storleikar. Dessverre analyserte me ikkje nokon mikroplast-prøver om bord, så det vert spennande å sjå kva dei finn i analysane her heime i Noreg no i vinter!  

Mykje nytt og avansert måleutstyr. Oseanografiske instrument for måling av vêrdata, bølgjer, temperatur mv. Med dårleg dekning og kontakt med fastlandet vart det å pløye manualar og prosedyrar for å få instrumenta til å fungere. Gyre er enorme straumvirvlar i havet som fangar store mengder flytande plast. Mesteparten av plasten søkk etter kvart til botnen eller driv i land

 

Me veit at plast er eit trugsmål mot livet i havet, som alt slit med oppvarming, havforsuring, overfiske, oppdrett, oljeutvinning og annan forureining. Kva observerte de undervegs?   

Særleg mot slutten av reisa på veg inn i Mikronesia, var store område av havoverflata dekka av bos, mesteparten plast. Det var nesten uråd å sjå ut over havet, utan å sjå plastflasker og anna plast som låg og duppa i overflata. Det var absurd å sitje på dekk med kaffikoppen så langt frå sivilisasjonen som eg nokon gong har vore, og likevel sjå spor av menneske på alle kantar. Det er lett å kjenne seg makteslaus. Eg vart trist, men kjende også at eg fekk lyst til å gjere noko.   

Eg er svært glad for at eg har fått høve til å bidra med å samle inn så mykje spennande data som kan opne opp for ny kunnskap om havet. Arbeidet og opplevingar i praksisperioden har vore ein god indikator på at utdanninga mi er spennande og dagsaktuell. Eg har i større grad forstått den viktige rolla biologar har innanfor dette fagfeltet. Det er motiverande for vegen vidare.  

Trur du det framleis er håp om å snu skuta?  

Ja, eg har tru på nye generasjonar. Men om me skal få til endring blir det avgjerande å skape innsikt gjennom kunnskap. I dag merker eg at det er mange som manglar grunnleggjande kunnskap om den rolla havet har i økosystemet. Når ein forstår korleis alt heng i hop, trur eg motivasjonen til å gjere naudsynte endringar blir sterkare. Me som forskarar på fisk er gode på vårt fagområde, men me har mindre peiling på korleis samfunnsendringar grip inn i, og påverkar havet som økosystem. Difor vil det også vere viktig å jobbe meir tverrfagleg i framtida, skal me løysa desse komplekse samfunnsutfordringane.   

PLASTFORUREINING

Plastforureining truer dyreliv, økosystem og hausting av levande ressursar i alle havområda i verda. Det skadar også menneske sin livskvalitet og helse, og fører til omfattande økonomisk skade. Marin forsøpling er knytt til ikkje berekraftige forbruks- og produksjonsmønster og avfallssystema si manglande evne til å halde tritt med dei aukande avfallsmengdene i vår generasjon.

 
 
Forrige
Forrige

Gode samarbeidspartnarar er gull verd

Neste
Neste

Reduksjon av matsvinn i Voss herad – eit Klimasatsprosjekt