Reduksjon av matsvinn i Voss herad – eit Klimasatsprosjekt

FN sitt berekraftmål 12.3 føresett at me innan 2030 halverer mengda matsvinn per innbyggjar. I klimaplanen til Voss herad, Vossaklima 2030 går det fram at “ Voss herad skal “Vera ein føregangskommune med fokus på klimavenleg mat og reduksjon av matsvinn”.

Miljøsmidjo har utforma og leia prosjektet, ein periode i rolla som klima- og miljørådgjevar i Voss herad. Dei tilsette har målt matsvinnet og gjennomført tiltak. Rapporten oppsummerer resultata frå to runder med måling av matsvinn, før og etter at tiltak vart gjennomført.

Målsetnaden for dette prosjektet har vore å sikre at erfaringar frå tidlegare prosjekt ved Vetleflaten omsorgssenter vert vidareført og vidareutvikla, samt å formidle resultat og erfaringar til andre omsorgsinstitusjonar i heradet: Voss sjukeheim, Granvin omsorgssenter og Vossestrand omsorgstun. Prosjektet er finansiert av Klimasatsordninga til Miljødirektoratet og av Voss herad.

Totalt blei det kasta mat tilsvarande 13,7 tonn mat i året i fyrste vegerunde og tilsvarande 10,9 tonn i andre vegerunde. I sum vart matsvinnet redusert med 20 prosent frå fyrste til andre vegerunde. Reduksjonen i matsvinn svarar til ein årleg innsparing på ca. 2,8 tonn matsvinn per år, 120 208 kroner per år og omlag. 5,6 tonn CO2-ekvivalentar per år. Til tross for nedgangen, vert det framleis kasta i underkant av 11 tonn mat i året, på dei tre institusjonane, basert på andre vegerunde. Dette representerer ein samla kostnad på ein halv million kroner per år og står for utslepp av klimagassar på 26 tonn CO2-ekvivalentar. Med ein del usikkerheit i datagrunnlaget må resultata handsamast som estimat.

Gjennomførte tiltak er enkle, som kompetanseutvikling rundt mat og matservering, etablering av lagerplanar, ordning og reda i kjøleskåp, datomerking av matvarer som er opna, og oppskrifter og utprøving av restemat.

Arbeid som må vidareførast er meir omfattande tiltak som utvikling av gode rutinar for innkjøp, etablering av bestillingsrutinar og kommunikasjon alle vegar, samt systematiske tilbakemeldingar på matkvalitet. Eit viktig tiltak vil også vere å auke handlingsrommet for å utnytte restematen, i institusjonane, andre stader i kommuneorganisasjonen eller til donasjon.

Å redusere matsvinnet i omsorgssektoren vil dessutan bidra til reduserte kostnader for innkjøp og bearbeiding, samt minske lønskostnader. Medveten dei tilsette får gjennom prosjektet vil også kunne bidra til betre utnytting av råvarer og utvikling av nye retter med bruk av restemat.

Reduksjon av matsvinn i Voss herad – Miljødirektoratet

 
Forrige
Forrige

Plast i den blå verda  – på tokt med Statsraad Lehmkuhl  

Neste
Neste

Det Nye og Det gamle