å utstråle
å smelte om
å dele
å skape

4bilder.jpg

I tidlegare tider var smidjo på garden ein føresetnad for å halde ressursane i krinslaup. Utstyr, våpen og verktøy vart smidd, reparert og halde ved like og om det var trong for nyvinningar, gjorde ein nytt av gamalt. I Smidjo oppstod magi, nye idear vart kveikte, kunst vart skapt – slik var smeden ein viktig samfunnsformar. Ideen bak Miljøsmidjo er trua på verdiskaping tufta på betre utnytting av lokale ressursar og verdikjeder - med FN sine berekraftmål som ledestjerner.  

Miljøsmidjo er tufta på forretningsidéen om mindre sløsing og full utnytting av råstoff og menneskelege ressursar. Det handlar om å sjå det store biletet og sette oss i stand til å løyse tverrfaglege, komplekse problemstillingar.

Grunnleggjar av Miljøsmidjo, Ellen T. Astrup, er geograf i hjarte og sinn. Geografane søkjer å forstå utviklinga i si romlege utbreiing med utgangspunkt i menneske si utnytting av naturressursane. Med andre ord; korleis vert samfunnet forma av måten me nyttar naturressursane på? 

Klimaseglas med Statsraad Lehmkuhl – på veg til Arendalsuka 2019.

Klimaseglas med Statsraad Lehmkuhl – på veg til Arendalsuka 2019.

Å jobbe i avfallsbransjen set spor. Med eit formidabelt årleg forbruk på 44,3 tonn materialfotavtrykk per person, ligg me nordmenn nærast på topp i verda. Om me skal lukkast i ei grøn omstilling må naturressursar og avfallsressursar nyttast lokalt og regionalt.

Miljøsmidjo kan mykje om:

  • Verdikjeder, forbruk, miljøgifter, emballasje, materialbruk, klimafotavtrykk 

  • Prioriteringar i norsk og europeisk avfallspolitikk 

  • Kjennskap til næringsliv og styresmakter i regionen

  • Formidling og undervisning   

  • Kommunikasjon og omdømme

  • Skape relasjoner og møteplasser

  • Prosjektleiing

  • Samarbeid på tvers av sektor og fag 

  • Miljøfyrtårn - sertifisør

I tillegg til Geografi hovudfag frå UiB har Ellen T. Astrup faga botanikk, økologi og sosiologi i graden. Ho har vore kommunikasjonsleiar i Indre Hordaland Miljøverk Iks, leiar for Miljø – og ressursavdelinga i Fjell kommune m.a. jord- og skogbruksforvaltinga og Miljøvernleiar i Flora kommune. Miljøsmidjo samarbeidar med Bioregion Institute som skal utvikle sirkulære verdikjeder for organisk biomasse. Målet er å gjere næringslivet rusta til ei berekraftig framtid og skape ny grøn næring på Vestlandet.

IMG_3205.RED.png
Miljøsmidjo såg dagens lys på papiret ein vårdag i 2020. I meg har den levd lenge. Som liten var eg nysgjerrig – ikkje på biler og båtar, maskiner og teknologi – men på NATUREN. Alt som veks og gror, som gjev ly for ver og vind, som gjev oss klede og mat, medisinar og lykke.

“Nature is a language, can’t you read?”

Ask, The Smiths