Gode samarbeidspartnarar er gull verd
Litt tilfeldig vart eg i vår tipsa om «Det kongelige Selskap for Norges Vel» i jakta på gode samarbeidspartnarar. Etter å ha vore innom heimesida til selskapet, vart eg nesten mållaus. Norges Vel engasjerer seg i heile verdikjeda for mat, akkurat som Miljøsmidjo. Organisasjonen brenn for berekraftig matproduksjon og opplevingar rundt lokale mat- og kulturopplevingar, og nøkkelen til å oppnå robuste matsystem er samarbeid.
Til stor glede hadde Norges Vel både Vestlandskontor og gründernettverk, så vegen var kort for å ta kontakt. Eg starta med å besøke organisasjonen sitt hovudkontor, Hellerud gård i Viken. Her vart eg teken imot med opne armar og me utveksla planar, prosjekt, inspirasjon og engasjement. Samtalen med utviklingssjef Noreg, Kari Clausen, kommunikasjonssjef Leif-Arne Kristiansen og seniorrådgjevar kommunikasjon, Anne Tollerud, vart til ein heil artikkel om vår felles interesse; MAT og berekraft.
Eg gler meg til vegen vidare i godt selskap med Norges Vel og visjonen om å bidra til livskraftige lokalsamfunn. Om du er interessert i heile samtalen mellom Miljøsmidjo og Norges Vel kan du lese artikkelen her.