Jord
Jorda er nykkelen til matproduksjon, vatnkvalitet, karbonbinding og naturmangfald.
Miljosmidjo kan gjennom nettverk bidra til å koble landbruksnæringa med andre relevante aktørar i regionen som kan bidra til gjensidig verdiskaping i eit klimasmart landbruk.
Miljøsmidjo held kurs i kompostering og bokashi, eit alternativ til tradisjonell kompostering som vert meir og meir populær. Miljøsmidjo arrangerer også studieturar. Ta kontakt her for spørsmål.
Landrapporten frå FN sitt klimapanel syner at tilgangen til jord, mat og vatn er sterkt avgrensa. Dette inkluderer Fosfor som er ein avgjerande byggjestein for alt liv på jorda, og som er ein ikkje fornybar ressurs utan moglege alternativ. Når ein veit at matproduksjonen må auke med rundt 50-60 prosent innan 2050, er dette svært faretruande.
Før gjekk kunnskap om jorda og areala i arv frå generasjon til generasjon. Slik er det ikkje lenger, difor vil kart spele ein stadig viktigare rolle i formidlinga av kunnskap om dei naturlege føresetnadane for jordbruk. Bilete er frå Ringheim på Voss der NIBIO dokumenterer jorda sine eigenskapar for matproduksjon.
Jorda står for
95 % av verda si matproduksjon
Det er jorda me lever av. Matjorda er vår viktigaste ressurs og kapital. 95 prosent av matproduksjonen i verda, målt i kaloriar, kjem frå landareala. Kronikk av Landbruks- og matminister Olaug Bollestad
“Jordbruket er ei av næringane som vil bli mest påverka av klimaendringane. Det er viktig å sikre matproduksjon på lokale ressursar sjølv med endra klima. Areala og ressursane ein har til rådigheit må leggje grunnlaget for ein grønare økonomi. Hordalandsbonden, med sitt areal og sin kompetanse, er viktig for å sikre ein grønare økonomi i fylket.”
– Hordaland Fylkeskommune, temaplan landbruk.