Kan Voss bli verdsmeistar i sirkulær økonomi?  

Miljøsmidjo i prat med stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal om kva som skal til for å få det til å gå rundt og rundt på bygda

Stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal drøymer om at Voss kan verte verdsmeistar i sirkulær økonomi – Me har ein veg å gå. Foto: Miljøsmidjo

Med din bakgrunn i helsefaget, kva tenkte du då du fekk plass i energi- og miljøkomitéen på Stortinget, med ansvar for mellom anna sirkulærøkonomi? 

I byrjinga vart det eit lite sjokk, men so oppdaga eg at under dette ansvarsområde ligg svært mange løysingar for eit meir helsefremjande, inkluderande og rettferdig samfunn, som er det mitt hjarte brenn for. No kan eg ikkje sjå for meg nokon andre komitéar.

Kan du forklare nærmare?

I vårt enorme overforbruk ligg store moralske og etiske dilemma. Me veit at det er avgrensa tilgang på råstoff og energi og at forbruket vårt er årsak til store klimautslepp. Me forureinar og forgifter natur og menneske både under produksjon, distribusjon, bruk og avfallshandsaming. Folk svelt i verda medan me her i landet kastar mat for om lag 22. milliardar kroner i året. Kleda våre er fulle av plast, tungmetall og andre helse- og miljøskadelege stoff som ender sine dagar på klekyrkjegardar i Chiles ørken. For å få bukt med forbrukarsamfunnet sine mørke sider, trur eg det er heilt avgjerande å få kommunisert tilhøvet mellom forbruket vårt og fattigdom, folkehelse, urettvise og undertrykking. Det er krevjande å sjå alle desse komplekse koplingane.

Det er rekna på at me i Noreg berre er 2,4 prosent sirkulære. Det tydar at 97,6 prosent av biologiske råstoff, metall, mineralar og fossile ressursar, ikkje vert ført attende i krinslaupet. Her har me ein soleklar jumboplass. Kva gjer me?

I regjeringa si politiske samarbeidsplattform er det nedfelt at me må gå frå ein lineær økonomi med bruk-og-kast til ein sirkulær økonomi basert på tanken om at minst mogeleg ressursar skal gå til spille og måtte handsamast som avfall.

Kva tenkjer du me kan, og må få til for at Voss vert meir sirkulær? 

Eg tenkjer me må slutte å omtale ressursar som avfall. Ressursane må nyttast optimalt. Her tenkjer eg mellom anna på matressursane våre og på ull. Før hadde me Udlabu på Voss. Her er også starta opp samarbeidsprosjektet «Sirkulære Voss» mellom heradet og Næringshagen Hardanger og Voss. Målsetnaden er å kartleggje potensialet for sirkulære prosessar i kommunen og skape nye grøne arbeidsplassar knytt til deleordningar, reparasjon, oppsirkulering og gjenvinning og design for sirkularitet. Dette kan verte ein god start.

Heradet må nytte innkjøpsmakta si til å stille miljøkrav til både produkt og tenester. Politisk held me fram arbeidet med å skjerpe miljøkrava til det offentlege. Heradet er også ein viktig aktør for å leggje til rette for at vossingane, og alle som kjem til Voss kan ta meir miljøvenlege val.

Turisme er ein viktig næringsveg på Voss. Eg meiner næringa bør utfordrast i høve berekraft. Stadig fleire turistar føretrekker berekraftige destinasjonar. Voss er sertifisert som berekraftig reisemål. Om dette skal vere eit konkurransefortrinn er det viktig at turistane opplever dette i praksis, og ikkje berre i planar og dokument.

Eg tenkjer at kanskje kan Vossingane verte verdsmeistrar også her?


Kva ser du som den største barrieren for å få til ein meir sirkulær økonomi i bygda?

Likestilling er mitt mantra. For å tenkje nye tankar må me få ei breiare representasjon i ulike styre og i lokaldemokratiet, med tanke på kjønn, alder, kulturell bakgrunn og ikkje minst kompetanse; «Å spele på heile laget» Her trur eg nykelen til endring ligg. Alle, frå einskildindivid, til bedrifter og politikarar må ta eit ansvar for dette.

Linda under Arendalsuka i samtalar om verdiane i elektrisk avfall – og korleis næringslivet, det offentlege og privatpersonar må arbeide i lag for å løfte Noreg frå ei botnplassering til eit sirkulært samfunn. Her flankert av Maria Nelly, berekraftansvarleg i Atea til venstre og til høgre: Stig Ervik, Norsirk, Cathrine Barth, Nordic Circular Hotspot og adm. dir. Ole Petter Saxrud frå arrangøren Atea. Foto: Atea

Under Arendalsuka var du med i fleire debattar om sirkulær økonomi. Frå talarstolen sa du at du hadde notert deg mykje frå denne veka som du skulle overlevere klima- og  miljøministeren. Kan du røpe nokre av punkta du hadde på blokka?

Ja, då hadde eg mellom anna notert meg forslag om

  • matkastelov og om produsentansvar

  • Ulike innspel til korleis ein kan leggje til rette for lokal produksjon og reparasjon

  • Satse på infrastruktur for eit sirkulært samfunn

  • Forslag om strengare miljøkrav til verksemder, slik at dei kan bane veg

  • Raske utdanningsløp for grøne næringar.

Du er attende frå Arendalsuka, din fyrste som stortingsrepresentant. Kva tankar gjort du deg desse dagane? 

Arendalsuka var ei oppleving, ikkje minst å få snakke med folk i avfalls- og gjenvinningsbransjen. Ungdommane våre opplever klimakrise, dei er fortvila, fryktar for framtida og føler at lite blir gjort. Slik er det faktisk ikkje. Det skjer svært mykje spennande for tida.

Industrien, utviklar komponentar for det grøne skifte, politikken for klimatiltak utviklar seg radikalt, og dei neste 8 åra skal det skje mykje. Alle bransjar eg er i kontakt med, er opptatt av handling som å utnytte potensialet i standardar og tilby reparasjon på produkt. Politikken vil også bli endrande. Det vil bli stilt større krav til offentlege innkjøp, handtering av avfall, og Stasminister Jonas G. S. ventar at alle departement skal ta med klima i sine budsjett og handlingsplanar. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide følgjer opp departementa. Den nye åpnehetsloven vil også gjere det enklare å få informasjon om verksemder sine negative konsekvensar på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Alt dette er viktig å få kommunisert for å skape framtidstru og engasjement.

Linda hadde notat på blokka frå Arendalsuka som ho har overlevert sjefen, Klima- og miljøminister Espen Barth Eide, her med “selfie”.

Stortingsrepresentanten avsluttar med å minne om at dersom heile verda hadde hatt eit forbruk tilsvarande vårt, hadde me brukt opp kloden sine ressursar 3,6 gonger i løpet av eit år.

Me må omdefinere kva me meiner med eit rikt liv, avsluttar Linda før me takkar for praten og ho fyk vidare i si travle politikarkvardag.

 
 
 
Forrige
Forrige

Det Nye og Det gamle  

Neste
Neste

Attende på sporet